1694901193882 (1).jpg
 

Ciderhuset i Balestrand

Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel.

Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap. På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ta eit måltid i restauranten. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro!

Opningstider 2024

Cidersmaking

10. mai - 10. september
måndag - laurdag
12:30 (m/lunsj) og 16:00 (m/snacks)

  • Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider saman med ein lunsjplanke med 5 smårettar som passar til kvar av ciderane. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.

  • Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider. Til kva cider kjem det snacks inkl husets sjokolade. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.

“Cider Makers Dinner”

25. juni - 25. august
tysdag - laurdag
18:30 – 21:00 “Cider makers dinner”

  • I 2024 tilbyr vi Cider makers dinner - ein cidermiddag med formidling om korleis vi lager cideren vår og tilpasser matrettane til dei. Mezemiddag med fleire kalde forrettar på bordet, val mellom vekas kjøt/fisk eller vegetar som hovudrett. Fruktdessert frå hagen. Kr 795 pp. Ciderpakke kr 450 kan kjøpast i tillegg. Eller alkoholfri kr 350.

    Bordbestilling til kl 18.30.

    Bestill bord og betale eit depositum for reservasjonen. Depositumet blir trekt frå i kassen etter middagen. Reserver her.

  • Om du ynskjer eit gruppebesøk eller privat arrangement i Ciderhuset - ver snill å ta kontakt her.

Ciderbutikk & Café

10. mai - 10. september
måndag - laurdag
12:00 – 18:00 (16:00 lunsjservering)