Kontakt & bestilling

Har du spørsmål, eller ønsker du å avtala eit opphald på Olaskjeret - ta kontakt med oss slik det passar best for deg.

Nedanfor finn du kontaktinformasjon, og me viser deg korleis du reiser for å komma til Olaskjeret. Me gler oss til å høyra frå deg:)

 

Christina og Morten Glesnes

 

Kontaktinformasjon:

E-post: post@olaskjeret.no
Telefon: 901 92 826

Besøksadresse: Bahus 29,
5385 Bakkasund

Postadresse: Øvre Austevoll 46,
5384 Torangsvåg

Her finn du oss

Olaskjeret er ein holme i som ligg i Bakkasund i Austevoll kommune, like sør for Bergen. Nedanfor viser me deg nokre alternativ til korleis du kan reisa hit.

 
  • Kjem du sjøvegen med eigen båt, kan du leggje til på brygga på Olaskjeret.

  • Frå nord tar du ferga frå Krokeide til Hufthamar. Frå sør går det ferge frå Sandvikvåg til Husavik.

    Deretter er det ein køyretur på 20-30 minuttar til Bakkasundet.

    Båt-turen på 1 minutt ut til Olaskjeret avtaler du med oss på førehand:)

  • Du kan bli henta av oss med båt der du måtte ynskje. Båt-taxi bør tingast i god tid.

  • Fly eller buss til Bergen/ Flesland er eit godt utgangspunkt for reisa til Olaskjeret.

    Frå Bergen eller Flesland kan du ta hurtigbåt til Hufthamar og deretter buss til Bakkasund.

    Etter avtale kan me henta med båt-taxi, anten på Hufthamar, Flesland, i Bergen eller frå der du ønsker. Båt-taxi bør tingast i god tid.

  • Det går hurtigbåt frå Lervik på Stord til Hufthamar ferjekai.

    Vidare kan du ta buss til Bakkasund.

    For å kome heilt til Olaskjeret, må det ein siste båttur på 1 minutt til.

    Etter avtale henter me med båt-taxi i Bakkasund, i Sandvikvåg, på Hufthamar eller frå der du ønsker. Båt-taxi bør tingast i god tid.

  • Me ordnar med helikopter-transport om det er eit ynskje. Avtal i god tid:)