Opplevingar, glede og rekreasjon

Velkommen til Olaskjeret - ein liten holme i Bakkasundet på Austevoll. Her ligg alt til rette for minnerike opplevingar i samband med selskap og feiringar, ferie og fritid eller kurs, konferansar og temabuilding. Gløym kvardagen for ein augneblink, og kjenn på den sjarmerande kjensla av å vera litt utilgjengeleg - i ditt eige vesle øyparadis.

Opplevingar og aktivitet

På Olaskjeret finn du hyggelege og familievennlege fasilitetar for overnatting, aktivitet og matservering i det som står klart til å bli det nye øyparadiset ditt!

Velg aktivitetar etter eigne ønske, eller la oss sy saman eit minnerikt program for deg og dine, anten det er i jobbsamanheng eller med familie og venner!

Sommarkafé

Velkommen innom sommarkaféen vår i Raudanauset. Open onsdagar-søndagar dei tre fyste vekene i juli.

Opningstid kl 12:00-18:00

Obs! Laurdag 20.07 er sommarkafeen stengt pga konsert om kvelden.

Overnatting på Olaskjeret

Å overnatta på Olaskjeret er ei eit perfekt utgangspunkt for eit avslappande og minnerikt opphald! Kvitanaustet står klart for deg og dine!

Selskap, kurs eller konferanse?

Olaskjeret gir ei fantastisk ramme for å møtast til hyggeleg lag. Me ønsker velkommen til den flotte storstova vår i Raudanaustet eller til det litt mindre, men svært så koselege Kvitanaustet, der det også er mogeleg å overnatta.

 

Om oss

Olaskjeret er ein holme i Bakkasundet utanfor Austevoll. I si tid var holmen ein del av det store fiskeindustri-eventyret som fann stad i øyane her. Med nye hus på dei gamle tuftene, gjer me Olaskjeret tilgjengeleg for både fastbuande og tilreisande, for at fleire skal få glede av alt denne herlege staden byr på.

Bestill eit opphald for deg og dine!

 

Følg oss i sosiale medier

Få med deg siste nytt frå oss på Olaskjeret! Me er å finna både på Facebook og Instagram. Følg oss og få med deg oppdateringar og herlege glimt frå skjærgarden i Austevoll!