Surfing på Stad
©@saltnwax
Vintersurf på Stad

Opplev vill natur frå surfebrettet

Surfing på Stad

 

Mellom stupbratte fjell og buldrande bårer kan du oppleve å padle i kaldt vatn medan ørna svevar majestetisk over hovudet ditt.

 

Opplevinga er heilt unik. Du trur knapt du er i Noreg, før bårene helsar med ein kalddusj nedover ryggen og minner deg på at du surfar i det berykta Stadthavet. Kaldtvassurfing er meir attraktivt enn nokon gong og stadig fleire ser til strendene langs norskekysten. 

 

På Stadlandet vil du møte eit kreativt surfemiljø som driv surfebutikkar, kaféar og overnattingsstilbod. Du kan leige alt du treng av utstyr til å kjenne deg komfortabel og varm i vatnet heile året. Fleire av surfecampane har sertifiserte instruktørar og den nyoppstarta Stad Sjøredningsklubb legg til rette for tryggare aktivitet i vatnet. Våtdraktteknologien gjer det mogleg for fleire av surfeaktørane å satse på heilårsdrift.

 

Mest kjend er Hoddevik som lokkar surfarar frå heile verda. Det er eit mektig syn som møter deg på veg ned dei smale sikk-sakk svingane. Dei majestetiske fjella og den lange kvite sandstranda som omkransar storhavet. Surfeplassen eignar seg særs godt til surfing heile året.

Youtube video image

Surfestrender i Nordfjord

 

Det norske kystlandskapet er eit eventyr for erfarne surfarar som leitar etter å finne vekkgjøymde perler. Fleire flotte stadar på Stadt tek inn bølgjer som er tilrettelagt for drevne utøvarar.

 

Hoddevik ligg 20-30 minutt frå Ervikstranda. Her blir surfinga ein fantastisk naturoppleving med krystallklart vatn og majestetiske fjell på alle kantar. På Ervikstranda har du nesten bølgjegaranti, med bølgjer som slår inn både frå sørvest og nordvest. 

 

Eit tips til viderekomne surfarar er Vetvika i Bremanger. Ta beina fatt og vandre til den veglause og vêrutsatte vika. Lenge var Vetvika ein hemmeligheit kun eit fåtall av folk i kommunen viste om. I dag derimot, sprer ryktet seg raskt som ein brann. Den hemmelige stranda har rykte som den «vakraste plassen på jord».

surfing på stad
Surfing med barn

 

Surf i lag med familien

 

Det er fint å sjå utover havet og vandre langs strendene, men det er noko heilt eige å stupe uti vatnet. Augeblikket av vektlausheit i det ein skyt fart og sprett opp er heilt unik. Bølgesurf i Nordfjord kan vere ein super familieaktivitet, sjølv når hausten er i ferd med å bli til vinter. Surfing er ein aktivitet der alle kan delta. Dersom surfeaktiviteten er planlagt og tilrettelagt er dette ein perfekt aktivitet for heile familien.

«Cold water surf» 

 

Surfing er ein heilårsaktivitet på Stadlandet. Temperaturen i vatnet er på 5 grader og 2 minus i lufta, men kulde og snø på fjelltoppane stoppar ikkje surfe entusiastane. Det gjør heller opplevinga meir eksotisk. Vatnet er sjølvsagt kaldt, men varmen kjem brått når ein begynner å bevege seg. Vi anbefaler «Cold water surf» på det sterkaste til alle som ønskjer ei heilt unik vinteroppleving i Norge. 

 

Cold water surf

Vil du surfe på Stad?

 

Medan fjella endrar seg med årstidene, tilbyr Nordfjord sine surfestrender toppar ein kan surfe heile året. Anten du er nybyrjar, middels eller viderekommen surfar gir det krystallklare vatnet alltid ein minneverdig oppleving. Det finst fleire aktørar som tilbyr utleige av utstyr og surfekurs på Stadlandet. Start din surfeoppleving her hos oss.